Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
Vestborg VGS er ein kristen friskule og internatskule på Stranda, med fjell og fjord som nærmaste nabo. Her går om lag 90 elevar, og dei fleste bur på skulen.

Generell studiekompetanse, med fordjuping i realfag eller språk og samfunnsfag.

For deg som vil kombinere skule og trening. Studiekompetanse med praktiske og teoretiske idrettsfag.

Påbygging til generell studiekompetanse, for deg som har gått Vg1 og Vg2 på yrkesfag.
Vestborg VGS er ein kristen friskule eigd av Misjonssambandet. Her kan du velje mellom studiespesialisering, idrettsfag og påbygging til generell studiekompetanse. Skulen har om lag 90 elevar fordelt på tre klassetrinn, og i nokre fag er klassene blanda, så det er enkelt å bli kjend med andre enn dei i si eiga klasse. Lærarane kjem ekstra tett på elevane, sidan dei er meir til stades i miljøet enn på ein vanleg offentleg skule.
Vestborg har eit utruleg godt læringsmiljø, der ein utviklar seg godt fagleg. I tillegg gjer det gode fellesskapet at det blir mykje kjekkare å lære nye ting!
Dei fleste elevane bur på skulen, og alle måltida blir servert i matsalen. Personalet står til disposisjon når elevane treng hjelp, og tilsyn er alltid tilgjengeleg på telefon etter skuletid. Elevkveldar, bibelgrupper, tekjøkken og gangvask høyrer med til internatlivet. Når så mange bur tett saman, får du mykje menneskekunnskap som du vil dra nytte av seinare i livet.
Jeg endte opp med å søke på påbygg på Vestborg, og jeg angrer ikke et sekund! Jeg opplevde mye nytt og spennende, og det er et utrolig godt miljø!Malin, tidlegare påbyggselev
Vestborg er ein kristen skule, og i skulekvardagen legg skulen vekt på å framheve kristen tru og kristne verdiar. Kvar dag møtest elevar og tilsette til morgonsamling med eit andaktsord. På onsdagskveldane er det møte, Lagsmøte eller bibelgruppe, og kvart år kjem eit stort team til «UL Lokal», ei langhelg med møte, lovsang, seminar og mykje aktivitet. Vestborg er likevel ein skule for alle, uansett tru og livssyn.
Strandafjellet skisenter ligg fem minutt frå skulen, og frå toppen av skitrekket kan du renne heilt ned til matsalen. Heile skulen har fjelldag om hausten og skidag om vinteren. På skulen finn du treningsrom, gymsal med klatrevegg, bibliotek, sandvolleyballbane, gapahuk og ballbinge, og miljøarbeidarane arrangerer quiz, turneringar og elevkveldar etter skuletid og i helgene.
Før 1. mars søkjer du i Vigo. Søkjer du på særskilt grunnlag, er fristen 1. februar. Etter fristen tek skulen inn søkjarar så lenge det er ledige plassar, og heile landet er inntaksområde. Nær sagt alle elevar som bur på internatet, får bortebuarstipend etter søknad. Vil du bli betre kjend med skulen, er du velkomen på kick-off 15.–17. januar 2027. Opphaldet med mat og overnatting er gratis.
Har du spørsmål om skulegangen, internatlivet eller andre ting ved skulen? Ring eller send ein e-post, så svarar skulen så fort som mogleg!
Velkomen til oss!
Besøk vestborg.no →
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no