Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
Sygna vidaregåande skule er ein kristen friskule i Balestrand. Her går om lag 180 elevar, og dei fleste bur på internatet.

Vel mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi. Eit godt grunnlag for høgskule og universitet.

Utforsk fleire kreative sjangrar, i tett samarbeid med Kunstbygda Balestrand.

Vg1, og Vg2 helsearbeidarfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag, med praksis i heimkommunen.

Breiddeidrett eller toppidrett fotball, og kort veg til fjord og fjell.

For deg som har fullført Vg2 yrkesfag, yrkeskompetanse eller fag- og svennebrev.
Sygna vidaregåande skule er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett. Skulen ligg i Balestrand i Sogndal kommune, og har god kommunikasjon mot Oslo, Bergen, Stavanger og Ålesund. Undervisninga på Sygna er kjent for at det er tett kontakt mellom elev og lærar, og skulen har eit aktivt pedagogisk miljø som alltid er på leit etter måtar undervisninga kan bli betre på.
Vi ønskjer at alle elevane kan kjenne seg heime på Sygna og få venner for livet.
Om lag 140 av elevane bur på internatet. Dei fleste bur på dublett, med eige rom og delt bad med ein medelev, men det finst også dobbeltrom og einerom. På alle internata er det ei lita fellesstove og ein kjøkkenkrok der elevane kan samlast. Du får servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat i matsalen i øko-bygget. Der finn du også møtesal, peisestove, kiosk, biljard, TV og bordtennis.
TruaSygna er eigd og driven av Misjonssambandet. Gjennom eit inkluderande fellesskap får kvar elev høve til å reflektere over meininga med livet. Skulen vil legge til rette for at elevane kan bli kjende med Jesus og oppleve glede og meining i arbeidet med å formidle evangeliet nasjonalt og internasjonalt.
Frå Sygna er det kort veg til fjord, fjell, fotballbane, idrettshall, skytebane og turstiar. Elevane på studiespesialisering og kunst, design og arkitektur har studietur i Vg2, og på idrettsfag står mellom anna treningsleir i Spania, kajakktur til Solund og surfetur til Stadt på planen.
Søknadsfristen til førsteinntaket er 1. mars. For elevar med fortrinnsrett eller rett på individuell behandling er fristen 1. februar. Kvar haust inviterer Sygna 10.-klassingar frå heile Noreg til hospitering, og kvar vår 9.-klassingar. Mat og overnatting er gratis for hospitantane.
Har du spørsmål om skulegangen, internatlivet eller andre ting ved skulen? Ring eller send ein e-post, så svarar skulen så fort som mogleg!
Velkomen til oss!
Besøk sygna.no →
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no