SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE - MØRE OG ROMSDAL

Sunnmøre Folkehøgskule

Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik

Magiske sekund, venner for livet

Annonsørinnhold fra Sunnmøre Folkehøgskule

Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik er eit tidlegare hotell, med hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar som næraste naboar. Skulen er kåra til best i landet på både kvalitet og sosialt miljø (EPSI 2024).

  • 94 %av fjorårselevane gav året terningkast seks
  • 1908vart Sunnmøre Ungdomsskule starta
  • 40–50valfag å velje mellom
Linjene

Elleve linjer, verda med på kjøpet

Sunnmøre har linjer for deg som vil drive med friluftsliv, idrett, musikk, scene, beredskap eller trening. Sunnmøre har det meste – og på linjeturane får du verda med på kjøpet. Studieturane er inkluderte i linjeprisen.

Mari, tidlegare elev
Lærerstaben på Sufh er helt fantastisk. Om du vil at ditt folkehøgskoleår skal være best mulig, velg SUFH – verdens beste folkehøgskole!
Turane

Safari.Sunnmøre og resten av verda

Alle elevane får 14 dagar med kortreist glede på Safari.Sunnmøre: Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og fuglefjellet Runde. Året avsluttast med ein «gøy-på-landet»-festival på Hakallegarden.

Linjene reiser til mellom anna Tanzania, Sør-Afrika, Jordan, Marokko og Spania, og musikalartistane tek interrail til musikalbyar i Europa. Prisen for studieturane er inkludert i linjekostnadene.

Elevar på tur mot eit fyr ytst på kysten
Fellestur langs kysten på Sunnmøre.
Verdiane

Ver deg sjølv, stå opp for andre

Sunnmøre Folkehøgskule er ein rusfri skule som byggjer på eit kristent og humanistisk verdigrunnlag, og skulen høyrer til KFUK-KFUM. Slagordet er «Ver deg sjølv, stå opp for andre».

Skulen vil vere ein stad der komfortsona di vert utfordra, men der du likevel kjenner at du er på rett plass. Difor skal verdiar som ærlegdom og respekt prege både undervisning, fritid og internatliv. I fellesfaga møter du mellom anna tema som tru og verdiar, psykisk helse og berekraft.

Kvardagen

Ein heim under same tak

Du bur på store rom med eige bad og utsikt over hav og fjell, og går frå rommet til matsalen, elevstovene og klasseromma utan å ta på ytterkle. Her er kaffebar med baristamaskin, musikkavdeling med studio, frisbeegolfbane og jacuzzi i hagen.

Maten kjem fire gonger om dagen, med heimebaka brød, varm lunsj og salatbar. Kvart år set elevar og lærarar opp ein musikal som rundt 2500 tilskodarar ser i kulturhuset Sjøborg.

To smilande elevar i strikkegenserar Elevar som spelar konsert i ei stove Tre smilande elevar ute ved sjøen Elevar ved klatreveggen i ein klatrehall
Søknad

Søk plass for 2027/28

Felleskostnadene for skuleåret 2027/28 er 118 900 kroner med dobbeltrom. I tillegg kjem linjetillegget, som inkluderer utanlandsturane, frå 40 000 til 74 000 kroner. For 2026/27 gav Lånekassen lån og stipend på 154 880 kroner.

Ulsteinvik er utanfor allfarveg, men du kjem deg lett ut: Flyplassen Ørsta-Volda er ein knapp halvtime unna, og Ålesund lufthamn 50 minutt.

Søk plass på Sunnmøre

Sunnmøre Folkehøgskule

Lurer du på noko om linjene, turane eller opptak? Ta kontakt med Sunnmøre Folkehøgskule.

E-post
post@sufh.no
Telefon
+47 70 00 96 00
Adresse
Varleitevegen 7, 6065 Ulsteinvik
Følg oss
Facebook og Instagram

Velkomen til noko vilt, vakkert og ekte!

Besøk sunnmore.fhs.no
Powered by Labrador CMS