Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
Sunnfjord Folkehøgskule i Førde er ein idrettsskule med fokus på både breidde og satsing innanfor volleyball, vektløfting, fotball, e-sport og dans. Her konkurrerer du mot deg sjølv, ikkje mot andre – og vi heier på deg!
Volleyballinja er den største og eldste i sitt slag i Norge, og mange av dagens elitespelarar har vore elevar her. I tillegg kan du velje beachvolleyball, vektløfting og functional fitness, fotball, dans og e-sport – og alle desse linjene reiser til Brasil.
Ved sida av linja har du fellesfag og to valfag kvar veke, frå klatring og keramikk til piano og matfag.

Trening kvar dag og seriespel i 2. divisjon – med tur til Brasil inkludert i prisen.

Idrettsglede, samhald og meistring med profesjonelle trenarar – og tur til Brasil.

To beachbaner rett ved internatet, studieturar til Bergen og Benidorm – og Brasil.

Skreddarsydd trening i samarbeid med Tambarskjelvar IL – og to veker treningsleir i Brasil.

Fotball, supporterkultur og to store utanlandsreiser, til Europa og Brasil.

Dans og trening kvar dag, oppsetjingar i Førdehuset – og turar til London og Rio de Janeiro.
På CS2 Academy kombinerer du e-sport med ein aktiv og sosial kvardag. Fleire av linjene kan du ta som halvårskurs, og Tilpassa Sunnfjord betyr at alle skal vere velkomne, også om du treng tilpassingar.
Sjå alle linjene →Sunnfjord har gitt meg utrolig mye! Jeg har opplevd så mye gøy og spennende som jeg nok aldri ville opplevd ellers.
Brasil er høgdepunktet: Volleyball, vektløfting, fotball, dans og e-sport reiser dit, og på mange av linjene er turen inkludert i prisen. Fotballinja ser òg kampar i Europa, og danselinja tek turen til West End i London.
Skulen har vore med på å starte og drifte Kamam Folk High School i Batticaloa på Sri Lanka, og alle elevane er aktive i bistandsprosjekta.
Sunnfjord Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule, eigd av Normisjon. Det kjem til uttrykk gjennom felles morgonsamlingar, frivillige kveldssamlingar, samtalegrupper og vektlegging av dei kristne verdiane i undervisning og miljøarbeid.
Alle er velkomne med sitt eige livssyn, same kva tvil eller tru ein har med seg. Visjonen «Verdensmeister i eige liv» betyr at skulen ønskjer at alle elevane skal bli trygge på seg sjølv og menneska rundt seg.
Kvar veke har du 14 linjetimar, ni timar fellesfag – Aktuelt, Kor, Tru og livssyn og Laurdagsseminar – og to valfag. Skulen har eige dansehus med to dansesalar, treningsstudio, gymsal, klatrevegg på tolv meter og to beachbaner rett ved internatet.
Dei fleste laurdagskveldane har linjene eller internatgruppene ansvar for ein underhaldningskveld. Mat er inkludert, også på turane, og Sunnfjord er ein rusfri skule.
Aldersgrensa er 18 år: Du skal ha fylt 18 i løpet av det kalenderåret skuleåret startar. Skulen gjer enkelte unntak etter samtale med søkjaren og føresette.
Linjeprisane for 2026/27 er frå 152 900 til 174 900 kroner, med undervisning, studieturar, mat og rom inkludert. Du kan få lån og stipend frå Lånekassen, og 40 prosent av lånet blir gjort om til stipend når du har fullført året.
Lurer du på noko om linjene, skuleåret eller opptak? Ta kontakt med Sunnfjord Folkehøgskule.
Velkommen til Sunnfjord!
Besøk sunnfjord.fhs.no →
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no