NORDFJORD FOLKEHØGSKULE - VESTLAND

Nordfjord folkehøgskule

Nordfjord folkehøgskule – Sandane

Friluftslivs­kulen mellom bre, fjell og fjord

Annonsørinnhold fra Nordfjord folkehøgskule

På Sandane i Nordfjord ligg friluftslivskulen i storslått Vestlandsnatur. Her betyr skule open himmel, stjernenetter, ville fossar, lange turar, sterk utsikt, fellesskap og nye erfaringar.

  • 138elevplassar på skulen
  • 40ulike valfag å velje mellom
  • 1923har skulen drive sidan
Linjene

Friluftsliv på alle linjer

Nordfjord er den største friluftslivsskulen i Norge, og dei siste 20 åra har det berre vore friluftslivlinjer her. Lærarane har relevant utdanning og lang erfaring, og i løpet av året kjem du til å lære svært mykje om å vere ute og bruke naturen.

Du treng likevel ikkje ha mykje friluftsliverfaring for å søkje. Linjene gjev deg høve til å utvikle ferdigheiter og oppleve meistring innan friluftsliv, idrett og personleg utvikling.

Mats Ros, elev på Allsidig
Dette er det beste året jeg har hatt i livet mitt. Her får du de fineste naturopplevelsene, de kuleste aktivitetene og et utrolig godt miljø.
Turane

Brear, fjordar og fjell rundt oss

I vest slår havet inn mot surfestrendene ved Stad. I nord ligg Sunnmørsalpane som ein majestetisk bakgard, og i aust innbyr Jostedalsbreen og Jotunheimen til fleire kortreiste opplevingar.

I tillegg til linjeturane har heile skulen tre felles turar: til Finse, Aurland, Flåm og Vettisfossen i september, skiinstruksjon i Myrkdalen i januar og avslutningstur med pilegrimsvandring på Stad i mai.

Telt og soveposar på fjellet i kveldslys
Teltleir på hausttur i fjellet.
Trua

Sette spor under ein open himmel

Nordfjord folkehøgskule starta opp i 1923, og det var pionerar i misjonsarbeidet i Nordfjord som stod bak. I dag er skulen eigd av Normisjon Region Sogn og Fjordane, og er ein av totalt 33 kristne folkehøgskular i Norge.

Skulen håpar du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen. Om du vil, kan du vere med i bibel- eller samtalegruppe, og ein gong i veka arrangerer elevane kristne kveldsmøte. Du treng ikkje vere kristen for å gå her: det er plass for alle, uansett meiningar og livssyn.

Kvardagen

Mange hus og mange rom

Skulen har smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, keramikkrom, syrom, crossbu og ein 250 m² stor innandørs klatrevegg. Ute finn du vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, bålhus, gapahukar og naust med eigne båtar rett nedanfor skulen.

Du bur på enkelt- eller dobbeltrom, og alle korridorar har eige vaskerom, kjøken og stove. Når skuledagen er slutt, er det opp til kvar enkelt kva som skal skje: fotball eller volleyball, vaffelsteiking, isbading, spelekveld eller filmkveld.

To elevar ler i sofaen i vestibylen Elevar spelar sandvolleyball i sola Kokk med nypoteter på kjøkenet Elevar med frisbee på skuleplassen
Søknad

Søk plass for 2027/28

Opptaket startar 15. november og er rullerande. Tidlegare karakterar spelar ikkje inn: det er motivasjonen for det faglege og sosiale tilbodet som vert vektlagt.

For skuleåret 2027/2028 kostar eit år mellom 155 000 og 166 000 kroner, avhengig av linje. Då er kost og losji, linjeutgifter (med utanlandstur for linjene som har det) og skuleturar med. Du kan søkje om stipend og lån frå Lånekassen.

Søk plass på Nordfjord

Nordfjord folkehøgskule

Lurer du på noko om linjene, skuleåret eller opptaket? Ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule.

E-post
kontor@friluftslivskulen.no
Telefon
57 86 80 40
Adresse
Øvre Nordstranda 380, 6823 Sandane
Følg oss
Facebook, Instagram og TikTok

Her er det plass til akkurat deg. Velkomen!

Besøk friluftslivskulen.no
Powered by Labrador CMS