JOTUNHEIMEN VIDAREGÅANDE SKULE - INNLANDET

Jotunheimen vidaregåande skule

Privatskule i Lom

Ein skule bygd på fellesskap

Annonsørinnhold fra Jotunheimen vidaregåande skule

Ein offentleg godkjend, open og inkluderande kristen privatskule i Lom. Med Jotunheimen som næraste nabo går fagleg utvikling, sterke relasjonar og opplevingar i naturen hand i hand.

  • 2studieretningar: studieførebuande og bygg- og anleggsteknikk
  • 3nasjonalparkar rett utanfor døra: Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen
  • 0 kri skulepengar – undervisninga er gratis

Studieretningane våre

Skulen

Ein ny skule med tydeleg retning

Jotunheimen vidaregåande skule starta opp hausten 2026. Skulen ønskjer å gi elevane vidaregåande opplæring i eit trygt og levande skulemiljø, der relasjonane mellom elevar og lærarar verkeleg betyr noko. Faste vaksne er tett på kvardagen, følgjer utviklinga til elevane over tid og gjev støtte når det trengst.

Skulen har nynorsk som undervisnings- og administrasjonsspråk. Det speglar språket, kulturen og identiteten i regionen. Elevar kan likevel bruke bokmål som hovudmål om dei ønskjer det.

Ei stor gruppe står samla på fjellet med snøkledde toppar i bakgrunnen
Med nasjonalparkane rett utanfor døra blir naturen ein del av skulekvardagen.
Jotunheimen vidaregåande skule
Her blir du sett. Her betyr du noko. Her høyrer du til.
Naturen

Tett på nasjonalparkane

Skulen ligg i Lom i Gudbrandsdalen, med Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen rett utanfor døra. Naturen og nærområdet blir nytta aktivt i opplæringa og gir elevane unike moglegheiter til å oppleve læring og meistring i eit landskap som set spor – både fagleg og menneskeleg.

Friluftslivelevane har mellom anna fått vere med eit jaktlag på storviltjakt i Bøverdalen, i samarbeid med Lom Fjellstyre.

Trua

Forankra i ein rik tradisjon

Skulen er forankra i den rike folkekyrkjelege tradisjonen i Lom og Gudbrandsdalen. Med utgangspunkt i miljøet rundt Lom stavkyrkje får elevane oppleve korleis kristendommen har forma liv og samfunn frå mellomalderen til i dag.

Verdigrunnlaget byggjer på verdiar frå kristen og humanistisk tradisjon. Skulen er open for elevar med ulik tru og livssyn, og kvar elev blir møtt med respekt – uavhengig av bakgrunn.

Kvardagen

Ein kvardag der du blir kjend

Hos Jotunheimen vidaregåande skule er fellesskapet meir enn noko ein snakkar om. Lærarane kjenner elevane og følgjer dei opp, både fagleg og menneskeleg. Turar, aktivitetar og felles opplevingar er ein del av skulekvardagen, og Lom har eit aktivt idretts- og kulturliv utanom skuletida.

Skulen har ikkje internat. Elevane bur i nærområdet, og bur du langt unna, hjelper skulen deg å finne ein stad å bu i Lom.

Ei elev i bunad klipper snora ved den offisielle opninga av skulen Sju elevar med nissehuer i gymsalen Elevar arbeider saman ved pultane i klasserommet Ein person med armane i vêret mot sola over eit skoddehav på fjellet
Søknad

Søknadsfristen er 1. mars

Du kan melde interesse for skuleplass på e-post allereie no: send namnet ditt, telefonnummeret ditt og kva studieretning du er interessert i til post@jotunheimenvgs.no. Søknadsskjemaet kjem på nettsida i god tid før fristen.

Skulen har ikkje fast karakterkrav, og kan ta inn elevar etter fristen så lenge det er ledige plassar. Søkjarar med ungdomsrett og bustadadresse i Vågå, Lom eller Skjåk blir prioriterte først dersom det er fleire søkjarar enn plassar.

Les om søknad og inntak

Jotunheimen vidaregåande skule

Lurer du på noko om skulen, studietilbodet eller kvardagen? Send ei melding, så svarar skulen så raskt han kan.

E-post
post@jotunheimenvgs.no
Adresse
Bergomsvegen 41, 2686 Lom
Følg oss
Facebook

Velkomen til oss!

Besøk jotunheimenvgs.no
Powered by Labrador CMS