Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
Framnes kristne vidaregåande skule ligg vakkert til på ei eiga halvøy i Hardanger. Her kjem du tett på både fjord og fjell. På halvøya bur det ca. 250 elevar på internat. Skulen ligg 4 km frå Norheimsund sentrum, og ein og ein halv time frå Bergen.
Framnes kristne vidaregåande skule ligg vakkert til på ei eiga halvøy i Hardanger. Her kjem du tett på både fjord og fjell. Skulen ligg 4 km frå Norheimsund sentrum, og ein og ein halv time frå Bergen.
Å bu på ein internatskule byr på både gleder og utfordringar. For mange er det ein overgang å ta ansvar for klesvask og andre praktiske oppgåver. På internatet kjem ungdommane tett på kvarandre, det er sosialt, og mange får vener for livet.
I starten er det mykje nytt å bli kjend med, og mange nye rutinar som skal inn i kvardagslivet. Miljøarbeidarane våre har som hovudoppgåve at elevane skal trivast på Framnes. Internatleiarane lærer ungdommane å bu på internat, og passar på når nokon vert sjuke eller lengtar heim.
På Framneshalvøya bur det ca. 250 elevar på ulike internat, fordelt på enkelt- og dobbeltrom. I hovudbygget er det matsal der alle måltid vert serverte. Framnes har òg eigen idrettshall med handballhall, innandørs fotballhall og styrkerom.
Framnes er ikkje berre ein skule. Det er staden der Hardanger blir heim, og framtida tek form.
På Framnes er det eit godt kristent fellesskap. Måndag, onsdag og fredag er det obligatorisk morgonsamling med «Ord for dagen». Andre arrangement og aktivitetar vel du sjølv om du vil engasjere deg i.
Søndag og onsdag er det lovsong og andakt i peisestova. Kvar torsdag er det KRIK-samling i Framnes arena. Ein dag i veka samlast «Krigerene», eit fellesskap basert på cellegrupper der elevane deler tru, liv og bøn. For dei som ynskjer det, er det òg bibelgrupper ein gong i månaden.
Elevane sjølv er viktige for å skape det aktive kristne fellesskapet, og dei som ynskjer å engasjere seg, får oppfølging av ansvarlege vaksne. I tillegg til det organiserte fellesskapet er det aktivitetar som elevane sjølv startar og styrer – måndag til fredag er det til dømes ein god gjeng som startar dagen med felles bøn.
Lokalt er Norheimsund og Øystese ungdomskor eit viktig kristent fellesskap. Elevar frå Framnes er velkomne, og i dag utgjer dei ein stor del av koret.
På Framneshalvøya er det mykje å finne på heile året! I idrettshallen er det godt tilrettelagt for ulike ballspel. I tillegg til handballhallen er det innandørs fotballbane og styrkerom.
Uteområdet er eit eldorado med sandvolleyballbane, diskgolfbane, badeplass og stupetårn. Elevane kan òg låne kano og kajakk.
I hovudbygget er peisestova eit sentrum for aktivitet, her er det ofte møte og elevarrangement. For dei som driv med musikk, er det òg ein god plass å øve. På hemsen i peisestova er det biljard, ulike spel og ein liten kafé – og i hovudbygget driv russen ein kiosk til inntekt for misjonsprosjektet.
I nærområdet er det variert natur som innbyr til turar heile året. Er du glad i ski, er det mange alternativ: toppturar på randonée, skianlegg for langrenn og alpint.
Ynskjer du å gå på ein skule med idrettshall og beachvolleybane? Sjå kva ein tidlegare elev fortel om tida på Framnes.
Har du spørsmål om skulegangen, internatlivet eller andre ting ved skulen? Ring sentralbordet eller send oss ein e-post, så svarar vi så fort som mogleg!
Velkomen til oss!
Besøk framnes.vgs.no →
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no