Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
RAKNESTUNET UNGDOMSSENTER - VESTLAND
Raknestunet Ungdomssenter ligg idyllisk til innerst i Raknesvågen på Osterøy utanfor Bergen, i ein våg ved Osterfjorden. Det er den største leirplassen i Nordhordland.
Raknestunet Ungdomssenter ligg idyllisk til innerst i Raknesvågen på Osterøy utanfor Bergen, i ein våg ved Osterfjorden. Det er den største leirplassen i Nordhordland.
Raknestunet Ungdomssenter er ein kristen leirplass som er eigd av Nordhordland Indremisjon. Staden vart bygd i 1965 og har sidan vore påbygd i fleire omgangar. Den siste var i 2022, då eit nybygg med kjøkken, matsal, møtesal, gymsal, inngangsparti og vrimleområde stod ferdig, og alle internatromma vart pussa opp.
Nordhordland Indremisjon brukar Raknestunet til leirar og andre arrangement i regi av krinsen. Dei dagane og helgene krinsen ikkje nyttar bygget, er det ope for utleige.
Nordhordland Indremisjon arrangerer mange leirar for store og små på Raknestunet: barneleirar for alle born i skulealder, tenleir, ungdomsleir og nyttårsleir, og dessutan familieleir, pensjonistleir, lagsleir og bibelhelg. Hovudmålet er at deltakarane skal bli betre kjent med Bibelen og Jesus. Kvar formiddag er det samlingar med bibelundervisning tilpassa alderen, og på kvar leir er det 10–12 leiarar.
Raknestunet eignar seg godt for menighetsturar, konfirmantweekend, skuleturar, familieleirar, øvingshelger og andre opphald over kortare eller lengre tid. Her er møtesal, matsal, peisestove, gymsal, kiosk og internatdel, alt samla under eitt tak. Møtesalen og matsalen kan opnast til eitt rom, med plass til om lag 200 personar utan dekte bord og 100–150 med dekte bord.
Staden har flotte lokale for bursdagar, jubileum, konfirmasjonar, bryllaup, slektstreff og minnesamvær. Til kurs og konferansar er det moderne lyd- og biletutstyr, og fleire rom å velje mellom alt etter kor mange ein er.
Internatdelen har 20 rom med eigne toalett og bad, med 1–5 senger på kvart rom og 85 sengeplassar til saman. Våren 2025 stod ei hytte ferdig der ein går ned til brygga. Ho har tre soverom med seks sengeplassar, felles bad, stove og kjøkken, og kan leigast separat eller som ekstra kapasitet til hovudhuset.
Kjøkkenet tilpassar menyen etter ønske, frå enkel servering for dei som vil ha det rimeleg, til koldtbord og andre rettar for dei som vil slå på stortromma. Raknestunet er ein alkoholfri serveringsstad.
Raknestunet har mykje å gjere både ute og inne. I underetasjen er ein ny gymsal for innebandy, fotball, volleyball og anna ballspel. Ute er det tarzanløype, kanoar, kai, badestrand, trampoline, baner for ulike ballspel og mykje utstyr til uteleik.
Me ynskjer at kvar deltakar skal få ei positiv og trygg oppleving av å vera på leir.
Raknestunet Ungdomssenter ligg i Raknesvegen 840 på Osterøy, innerst i Raknesvågen. Det er ikkje alle dagar det er folk på staden, så ta gjerne kontakt på førehand om du skal treffe nokon av dei tilsette.
Velkomen til oss på Raknestunet!
Utleige og prisar
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no