Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
LYNGMO UNGDOMSSENTER - VESTLAND
Lyngmo er Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet sin leirplass i Sogn, nydeleg plassert ved Hafslovatnet i Luster. Her er det leir, selskap, kurs og konferanse heile året, og gjestehus, hytter og camping om sommaren.
Lyngmo er Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet sin leirplass i Sogn, nydeleg plassert ved Hafslovatnet i Luster. Her er det leir, selskap, kurs og konferanse heile året, og gjestehus, hytter og camping om sommaren.
Lyngmo vart bygd i 1965 for å legge til rette for kristne leirar og arrangement for born og ungdom. Seinare har drifta utvikla seg til eit variert arbeid for barn, ungdom, familiar, vaksne og eldre. Leirplassen har hatt tre større ombyggingar og utbyggingar. Den siste var i 2016, då ein ny fløy med soverom, bønerom, gymsal og sanitæranlegg stod klar.
Det er berre 4 km til Solvorn og Sognefjorden, og ca. 15 minutt til Gaupne og Sogndal. Lyngmo har ikkje mål om forteneste: Pengane frå utleige og sommardrift går tilbake til leirarbeidet, som er formålet med staden.
Lyngmo er ein flott plass til ulike selskap, arrangement, weekendar, kurs og konferansar: bursdag, minnestund, slektstreff, konfirmasjon, dåpsselskap og bryllaup. Lokala har ulike storleikar, og Lyngmo kan tilby plass til opptil 200 gjester. Møtesalen har plass til 120 og kan utvidast til 250 personar, med lydanlegg, prosjektor, piano og trommer. Matsalen har plass til 70 og kan utvidast til 105, eller slåast saman med møtesalen til 150–200 personar.
Kjøkkenet lagar alt frå kvardagsmat og nistepakke til treretters middag og koldtbord, og tilpassar menyen etter gjestene sine ønske. Måltid og servering er inkludert i tilboda. Lyngmo er ein rusfri stad for heile familien.
Lyngmo har 25 rom med eige bad og til saman 105 sengeplassar, med 1–7 senger per rom. Om sommaren er romma opne som gjestehus, med frukostbuffet inkludert. Hyttene ligg ved kanten av Hafslovatnet: fire store isolerte hytter for opptil seks personar, ei lita hytte og tre nye hytter frå 2026. Campingplassen har 23 oppstillingsplassar for bobil og campingvogn, to teltområde og tømmestasjon.
Inne er det to peisestover, gymsal på 160 m² med buldrevegg og eit aktivitetsrom med biljard, bordtennis, airhockey og fotballspel. Gjestehuset er ope frå 15. juni til 23. august 2026, og hyttene og campingen frå 18. mai til 6. september 2026.
Lyngmo har eiga badestrand med sandstrand og brygge med hoppetårn, og gjestene kan leige kano, robåt eller SUP for ein tur på Hafslovatnet. Det er også sandvolleyball, leikeplass og fiske etter aure i vatnet. Lyngmo ligg sentralt i Sognefjordområdet: Det er fint med fjelltur på Molden og Sognefjellet, tur over fjorden til Urnes stavkyrkje og brevandring og rafting i Jostedalen. Om vinteren er det fem minutt til Sogn skisenter.
Lyngmo skal vera ein møteplass der deltakarane får moglegheit til å utvikle si eiga tru og verta meir kjend med Jesus.
Lyngmo ligg på Hafslo i Luster, ved Hafslovatnet. Det er 4 km til Solvorn og Sognefjorden, og ca. 15 minutt med bil til Sogndal og Gaupne.
Velkommen til Lyngmo!
Bestill opphald
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no