Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
INNVIK FJORDHOTELL - VESTLAND
Innvik Fjordhotell ligg som ei unik perle heilt i sjøkanten ved den vakre Nordfjorden, i hjartet av Vestlands-Norge. Eit hotell for både kvardag og fest.
Innvik Fjordhotell ligg som ei unik perle heilt i sjøkanten ved den vakre Nordfjorden, i hjartet av Vestlands-Norge. Eit hotell for både kvardag og fest.
Med fredeleg atmosfære, eiga badestrand, sandvolleyballbane og kort veg til fantastiske turistattraksjonar er hotellet eit ypperleg val for både korte og lengre opphald. Mange nyttar hotellet som ei koseleg base for ulike dagsturar rundt om i regionen. Hotellet er ope for vanleg drift frå 1. mars til 15. desember.
Innvik Fjordhotell er eigd av Normisjon, region Sogn og Fjordane, og foreiningane i området. Bygget vert drive som hotell, men er også eit praktisk forsamlingssenter for kristne møte, kurs, stemner og leirar. Hotellet støttar rusfri trivsel ved å ikkje selje alkohol, og er sertifisert som Miljøfyrtårn.
Innvik Fjordhotell Misjonsheimen er som skapt for kurs, seminar, konferansar og ulike slag møte, med eller utan overnatting. Hotellet held dagskurs og møte for inntil 80 personar, og kurs og konferansar med overnatting for inntil 60. Møtesalen har det du treng av tekniske og praktiske fasilitetar, og her finst eit godt akustisk piano, ei lita scene og nyare musikkanlegg. Dei mindre romma, gamlestova og peisestova kan romme grupper og individuelle samtalar.
Hotellet har mangeårig erfaring med leirar og weekendar: slektstreff, kor- og aktivitetshelgar og menighetsweekend. Staden eignar seg ypparleg for helgearrangement for grupper på 40–70 personar.
Hotellet har 26 dobbeltrom, 7 enkeltrom og 1 familierom, med dusj og toalett, telefon og trådlaust internett på alle rom. Alt er under same tak, med kort veg mellom møtesal, restaurant, småstover og soverom. Lokala er tilpassa for rullestolbrukarar, og det er heis til etasjane.
Restauranten ligg på fjordsida, fem meter frå fjorden, med praktfull utsikt. Hotellet er kjent for sitt gode kjøkken, og legg stor vekt på god, heimelaga mat. Fjordrestauranten er open for både hotellgjestar og publikum, og rett utanfor ligg ein uteterrasse.
Alle romprisar er inkludert frukost. Grupper: ta kontakt for prisar.
Fleksible salar som kan tilpassast i storleik og format, gjer at hotellet vert mykje brukt til alle typar selskap: bursdagar, firmafestar, bryllaup, dåpsfest, konfirmasjon, minnestunder og julebord for organisasjonen. Den vakre storsalen har plass til om lag 90 personar, og ved festmiddag kan hotellet dekke opp for inntil 120 gjestar. Kjøkkenet lagar middag, koldtbord og kaker, tek omsyn til matallergiar og tilbyr òg catering.
Våre gjestar vert godt mottekne både i glede og sorg.
Innvik Fjordhotell har eit fint uteområde med badestrand, sandvolleyballbane, grillhytte og asfaltert vandresti. Rundt hotellet er det gode høve til fiske, sjøsport og båtliv, merka turløyper og lengre fotturar. I bygda står Innvik kyrkje, ei uvanleg åttekanta kyrkje frå 1824.
Innvik Fjordhotell ligg ved riksveg 60, 17 km frå Olden og 23 km frå Loen. Ekspressbussen Bergen–Trondheim stansar ved hotellet, og bussen korresponderer med Nordfjordekspressen Stryn–Oslo.
Hjarteleg velkomen til oss!
Bestill overnatting
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no