ARENA UTSYN - ROGALAND

Ein oase ute på neset

Arena Utsyn på Finnøy ligg som ein liten oase ute på neset, med flott panoramautsikt utover Finnøyfjorden. Nybakt og heimelaga, kvite dukar og leirglede.

Leirstad og overnattingsstad på Finnøy i Ryfylke

Ein oase ute på neset

Annonsørinnhold fra Arena Utsyn

Arena Utsyn på Finnøy ligg som ein liten oase ute på neset, med flott panoramautsikt utover Finnøyfjorden. Nybakt og heimelaga, kvite dukar og leirglede.

Ein leirstad sidan 1965

På Misjonssambandet sitt kretsårsmøte i 1957 vart ideen om å byggje ein leirstad i Ryfylke lufta for fyrste gong, og kallet nådde Gunnar og Gunda Alsvik. Ein dag Gunnar gjekk tur på eigedomen sin, glei han utføre ei skrent på neset der Utsyn ligg i dag. Han opplevde det som at Guds hand berga han, og etter dette var dei samstemte om at misjonen skulle få driva leirarbeid for barn og unge her.

I 1965 stod leirplassen ferdig, og sidan den gong har tusenvis av barn og unge vore på leir på Utsyn. Staden er eigd av Misjonssambandet, og har vorte utvida i fleire omgangar: hytter i 1981, fire nye dobbeltrom på Bjørketun i 2015, større matsal i 2022, scene i møtesalen og større stove ned mot sjøen i 2024. I 2025 skifta Utsyn Misjonssenter namn til Arena Utsyn.

Les meir om Arena Utsyn her →

Stolrekker i ein sal med store vindauge mot fjorden i solnedgang
Panoramautsikt utover Finnøyfjorden frå salane.

Leir og weekend

Nesten kvar helg gjennom året vert Utsyn brukt til leir og weekend. Misjonssambandet arrangerer rundt 15 leirar og weekendar i året, og dei andre helgene er det ofte ungdomslag, konfirmantar, forsamlingar, kyrkjelydar, private selskap og storfamiliesamlingar. Grupper kan òg koma i vekedagane: medarbeidarsamlingar, skuleklassar og pensjonistgrupper. Utsyn leiger berre ut senteret med «all inclusive», med eigne folk på kjøkkenet.

Selskap, kurs og konferanse

Møtesalen og matsalen er skilde med foldevegg som kan opnast. Møtesalen er 135 kvm med scene på 35 kvm, og har stolrekker til 120–130 eller langbord til om lag 100. Matsalen er vanlegvis møblert med plass til rundt 80 rundt borda. Begge salane har lerret, projektor og godt lydanlegg. Ved selskap er både kokk og servitørar inkluderte, og det er mykje å velje i på menyane. Utsyn lagar gjerne pakketilbod med overnatting og dei måltida ein treng, til dømes ei lunsj til lunsj-samling.

Kvitt trehus med trapp og utsikt mot fjorden Stove med sofaer og store vindauge mot sjøen To unge kvinner et frukost ved eit bord
Husa på neset, stova mot sjøen og frukost på Utsyn.

Sov godt på Utsyn

Utsyn er Finnøy sin einaste overnattingsstad, med 21 rom og totalt 82 sengeplassar. Dei tre hyttene vart pussa opp i 2018–2020 og har to soverom med bad til kvart rom, sju sengeplassar, lite kjøkken og stove. Bjørketun, bygd i 2015, har fire rom med stort bad. Internatet vart totalrenovert sommaren 2018, og har åtte soverom med eige bad og 42 sengeplassar. Større grupper kan få frukostbuffet.

Hytte

  • Døgnpris1785,-
  • Berre eitt soverom1420,-

Bjørketun

  • Einerom1260,-
  • Dobbeltrom1460,-
  • Trippelrom1660,-

Internatet

  • Einerom735,-
  • Dobbeltrom945,-
  • Makspris per rom1155,-

Prisar frå 1. januar 2026, per natt. Bjørketun er med oppreidd seng; på internatet kjem sengetøy i tillegg. Grupper, leir og weekend får eige pristilbod.

Ein base i Ryfylke

Ned mot sjøen er det ein gapahuk med sitteplassar og grillplass, med fin utsikt utover Finnøyfjorden. Nedanfor er det fint å bada for ungdom og vaksne, og flotte forhold for stangfiske. På tunet er det ballbinge og leikeplass. Frå Utsyn er det lett tilgang til turløyper på alle øyane, øyhopping på sykkel og gardsbutikkar med «det raude gullet», tomat i alle fasongar. Det er òg lett å ta dagsturar til Preikestolen og Skomakarnibbå.

Festbord med blomar, lys og kvite dukar Mange menneske ved borda i ein stor matsal med vindauge mot fjorden
Festbord og leirmåltid i matsalen.
Arena Utsyn
Arena Utsyn kan fungera godt som base for dine opplevingar i Ryfylke!

Slik kjem du til Utsyn

Arena Utsyn ligg på austsida av Finnøy i Stavanger kommune, 1,3 kilometer frå Judaberg. Du kan køyra gjennom dei undersjøiske tunnelane til Finnøy, om lag 45 minutt frå Stavanger sentrum. Frå Judaberg går det ferjer og hurtigbåtar til heile Ryfylke og til Stavanger.

E-post
arena-utsyn@nlm.no
Telefon
95 22 63 55
Adresse
Utsynvegen 22, 4160 Finnøy
Vegbeskriving
Facebook
Følg oss på Facebook
Instagram
Følg oss på Instagram

Velkommen til Arena Utsyn!

Ta kontakt
Powered by Labrador CMS