Ta kontakt med oss for annonsemuligheter.
-
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no -
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no
HOLMELY - VESTLAND
Holmely ligg som ei perle i sjøkanten på Bryggja i Nordfjord, med vakker utsikt mot fjell og fjord og skogkledde holmar. Ein stad å styrkast, vekse og bli fornya.
Holmely ligg som ei perle i sjøkanten på Bryggja i Nordfjord, med vakker utsikt mot fjell og fjord og skogkledde holmar. Ein stad å styrkast, vekse og bli fornya.
Holmely er ein kristen retreatstad og eit inspirasjons- og utrustingssenter, ein plass der menneske kan trekkje seg tilbake for å få hjelp til å vekse og gå djupare i livet med Gud. Bøn er sjølve «sentralnerven» i alt Holmely driv med. Den intime atmosfæren og dei vakre, skjerma omgjevnadene gjer staden særleg godt eigna til dette.
Holmely har vore i drift sidan 1994. Røtene går attende til Fjordly Ungdomssenter og «stille dagar» frå slutten av 70-talet, då behovet for tid, kvile, stillheit med bøn og bibel og bruk av naturen synte seg sterkt. Plassen er eigd av Normisjon region Sogn og Fjordane.
Holmely har inspirasjons- og temahelger med livsnær undervisning som går i djupna, og retreatar: dagar i bøn og stillheit der du går i personlege prosessar. Det er høve til sjelesorg, samtale og forbøn, opne kveldsarrangement på kvardagar og bønelunsj kvar torsdag. Her skal du kjenne deg velkomen, og bli møtt med respekt og varme.
Holmely kan òg leigast av grupper og lag som ønskjer å ha eigne arrangement. Lokala eignar seg godt til selskap, familiefestar, møte, workshops, mindre konferansar og liknande. Den store stova har plass til 30 personar, med projektor, lydanlegg, whiteboard og Wi-Fi, og loftstova har plass til 15. Alle romma har tilgang til kjøkkenfasilitetar, og om det er behov for overnatting, er det sengeplassar til om lag 20 personar.
Med Holmely som utgangspunkt er det rikeleg høve til å nytte naturen frå fjord til fjell. Det er kort veg til Stadt og Vestkapp, Selje og Vågsøy, med mange naturperler og historiske stader. Like ved, på Søholmen, er det ei ny diskgolfbane.
Ein jordnær plass med åpen himmel.
Holmely ligg på Bryggja i Stad kommune i Nordfjord, like ved riksveg 15.
Velkomen til Holmely!
Leige lokale
Andreas Sørås
Salgssjef bedriftsmarked
454 31 221 andreas@dagen.no
William Børjesson-Karlsen
Key Account Manager
412 43 412 williambk@dagen.no