FJORDLY UNGDOMSSENTER - VESTLAND

Ein himmelsk leirstad i Nordfjord

Fjordly Ungdomssenter ligg vakkert til ved Nordfjorden, på Bryggja i Stad kommune. Her er det stilt og fredeleg, og kjekt å vere både sommar og vinter.

Leirstad ved Nordfjorden, på Bryggja i Stad

Ein himmelsk leirstad i Nordfjord

Annonsørinnhold fra Fjordly Ungdomssenter

Fjordly Ungdomssenter ligg vakkert til ved Nordfjorden, på Bryggja i Stad kommune. Her er det stilt og fredeleg, og kjekt å vere både sommar og vinter.

Leir, treff og fellesskap

Fjordly Ungdomssenter er eigd av Normisjon region Sogn og Fjordane. Acta, barn og unge i Normisjon, har mange leirar her i løpet av året. Her er òg konfirmantleirar, kyrkjelydshelger, slektstreff, skuleturar og andre overnattingsarrangement.

Fjordly er ein ideell stad for leir og treff, forsamlingsturar og menighetsweekend, kurs og konferansar, selskap og feiringar, med og utan overnatting. Plassen eignar seg godt for minnestunder, årsmøte og andre samlingar, og grupper kan leige ei eller fleire av hyttene og styre seg sjølve.

Les meir om booking og overnatting →

Ei av hyttene på Fjordly med plen og grusplass framfor
Ei av hyttene på Fjordly.

Hovudhuset og hyttene

Hovudbygget er på 650 kvadratmeter, med peisestove med sofaplass til 25, møtesal med plass til om lag 80 og matsal med plass til om lag 80. Opnar ein skyvedørene mellom romma, blir det om lag 250 sitjeplassar. I hovudbygget er det biljard, bordtennis, jakkolo og mange brettspel, to piano, ein gitar og ei djembe. Anlegget er godt tilrettelagt for funksjonshemma.

Fjordly har ein overnattingskapasitet på om lag 100 personar, fordelt på sju hytter. Fem av hyttene er heilt nye og moderne, og fire har kjøkken og opphaldsrom. Bønehytta, eit lite, lunt, sekskanta bygg, ligg litt for seg sjølv og innbyr til bøn, stille og samtale.

God mat til flotte samankomstar

Fjordly tilbyr både heil- og halvpensjon, og lagar både vanleg, rimeleg kvardagsmat og selskapsmat. Ved sjølvhushald er staden behjelpeleg med vareinnkjøp, og maten kan lagast på kjøkkena på Innfjord, Selje og Davik/Stad, som har full kjøkkenutrustning.

Hovudhuset på Fjordly ein sommardag Terrassen på hovudhuset med bord og stolar Sofahjørnet i stova i ei av hyttene
Hovudhuset, terrassen og sofahjørnet i ei av hyttene.

Mellom holmar og skjer

Frå flytebrygga er det fint å bade eller ta ein båttur. Fjordly har steadybåtar, joller, kanoar, kajakkar og sit-on-top-kajakkar, og rikeleg med redningsvestar. På dei store plenane er det fotballbane, grasvolleyballbane, sandvolleyballbane og bålplass, og det er kort veg til turområde.

Fjordly ligg midt i eit område med mange attraksjonar. Det er kort veg til Selja klosterruin og Vestkapp på Stad, Kannesteinen og Kråkenes fyr i Kinn, Grotlesanden og Hornelen i Bremanger, og til Hornelen Via Ferrata, skisenteret på Harpefossen og pilegrimsleia Sunnivaleia.

Langbord dekte til minnestund i matsalen Nordfjorden ein vinterdag med snø på fjella og brygga i framgrunnen
Matsalen dekt til minnestund, og fjorden om vinteren.
Fjordly Ungdomssenter
Gripande vakkert og kjekt å vere både sommar og vinter.

Slik kjem du til Fjordly

Fjordly Ungdomssenter ligg i Holmevegen 28 på Bryggja i Stad kommune, ved kanten av Nordfjorden. Det er god parkering framfor hovudhuset og ved innkomsten til området. Det er ikkje bobilparkering på Fjordly.

E-post
fjordly@normisjon.no
Telefon
57 85 32 25
Adresse
Holmevegen 28, 6711 Bryggja
Veibeskriving
Facebook
Følg oss på Facebook

Varmt velkomen til Fjordly!

Booking og førespurnad
Powered by Labrador CMS